MIND BLUR - Geir Brungot

Plakat til utstillingen på Surnadal Billag.

MIND BLUR

Eg er først og fremst ein som fotograferar landskap og følger definisjonen til Lewis Baltz;

«All outside the door is Landscape, Geir!»

Tankar er også ein tilstand av landskap. Eit indre rom der ein kan skildre det menneskelege sinnet og det si tru, tvil, einsemd, håp og håplausheit. Dette gjer at eg bruker landskapet som bevisst skildring av vekslinga mellom det indre og ytre. For når det kjem til alt så er jo landskapet vi kjenner menneskeskapt. Den såkalla utvendig røynda er faktisk eit fantasiprodukt.

Eg vil først og fremst kommunisere med betraktaren gjennom persepsjon. Det uskarpe gjer at ein brukar sine eigne erfaringar til å finne ut kva det er. Dermed skaper den som ser si eiga historie basert på sine personlege sanseinntrykk.

Det er også eit bilete på verda vi lever i. Den er ikkje så tydeleg lenger. Informasjon, uansett kvar den kjem ifrå, er kanskje berre eindel av ei sanning, eller ikkje sant i det heile, det er ikkje lenger svart kvitt, men uendeleg med valørar og til slutt er det korleis ein sjølv dannar seg eit bilde som vert «sanninga» ein har. Igjen personlege persepsjonen.

I løpet av dette prosjektet, som har vore fotografert sidan oppstart i Wien 2019 med bileter også frå Oslo, Herdla, Sykkylven, fekk eg ein aha opplevelse, det er omtrent slik eg ser uten briller/kontaklinsene mine. Mine personlege sanseopplevelse.

Utstillinga i Surnadal Billag er fordelt på 2 etasjar. Den vil syne 23 bileter , dei siste bileta fotografert og produsert siste 3 veker. Alle bilete er laga til denne utstillinga og er produsert i 2022. «Mind Blurr» er fotografert med analog film i svart/kvitt, digitalisert bearbeidd og printa i museums kvalitet Motiva er bevisst fotografert uskarpt og sidan mitt kamera har gjennomsiktssøkar har eg ikkje heillt kontroll om kor uskarpt det vert. Det går mykje på intuisjon og erfaring.

Dette er også siste utstillinga i eit særs travellt år der eg har hatt mange utstillingar under paraplyen Solo60. Sidan eg stort sett har stillt ut uttafor mitt eige fylke så ville eg vise bileter i Møre & Romsdal, feire mitt eigen 60 års jubileum. Med utstillingar i Kristiansund-Ålesund-Molde og no Surnadalen så har eg på ein måte dekt heile fylket. Er på opningsutstillinga på nye Nasjonalmuseet i Oslo samt på BomuldsFabrikken Kunsthall si utstilling «All the Lonely People».